I dei kommersielles vald

Kronikk

Foto: Tor Berglie/Fellesforbundet/Ann-Elin Wang

Underteikna har stelt med attføringspolitikk nokre tiår. Å halde folk med redusert arbeidsevne i arbeid har vore eit viktig og ganske så tverrpolitisk mål i Norge. Retten til arbeid skal også gjelde dei som ikkje kan prestere hundre prosent.

Sjølv om målet har stått der i meir enn 50 år, har slett ikkje alle med redusert arbeidsevne fått det tilbodet dei skal ha. Likevel har mange tusen arbeidstakarar kvart år kome i arbeid ved hjelp av ulike tiltak. Dei fleste har fått arbeid i ordinært arbeidsliv gjennom målretta attføringsinnsats. Samstundes har mange fått eit godt og trygt tilbod i skjerma verksemd.

«Eit særleg kjenneteikn ved den nye politikken er å overlate ansvaret for utsette grupper til marknaden og underliggande etatar og kommunane.»

Vi skal vera audmjuke overfor kva for stor oppgåve det er å få folk som slit med dårleg helse eller fysiske handikap inn i arbeidslivet. Politikken har vore mykje prøving og feiling. Men den har gått i riktig retning. Kunnskapen om arbeidsretta støtte har stadig vorte betre. Ordinært arbeidsliv har vorte ein stadig viktigare arena, men med attføringsbedrifter som tilretteleggjarar og oppfølgjarar.

Etter regjeringsskiftet i 2013 har det skjedd ein merkbar endring av attføringspolitikken. Regjeringa har sett i verk det eine forslaget verre enn det andre, som kjem til å forringe vilkåra for å inkludere funksjonshemma og andre personar som slit til dømes med rusvanskar og helseproblem. Desse treng systematisk oppfølging for å kome i jobb. Vilkåra for å få fleire i jobb og færre på trygd blir etter vårt syn systematisk forverra.

Eit særleg kjenneteikn ved den nye politikken er å overlate ansvaret for utsette grupper til marknaden og underliggande etatar og kommunane. Attføringstiltak er sette ut på anbod i stor skala og grunngjeve mellom anna med meir «mangfald» av leverandørar og betre tilbod til brukarane.

No ser vi alt effekten av dette. Det har blitt mindre «mangfald» og meir av «einfald» eller monopol. Ingen nye ideelle leverandørar. Snarare er det store kommersielle selskap som er dei nye som har vunne fram i marknaden. Vi fryktar dette etter kvart vil skyve dei svakaste gruppene ut til fordel for dei som er lett å få i jobb.

Det skal også leggjast til at fleire av de nye kommersielle aktørane ikkje opererer med fast tilsette, slik ein har sett det i nokre andre land som har satsa sterkare på marknadsstyring. Nærare 1,4 milliardar kroner er sett av til denne anbodsutsetjinga.

«Internasjonal forsking seier at ved marknadsstyring blir utsette grupper skyvde ut til fordel for personar som er lette å få i jobb med anbod.»

Fram til denne regjeringa overtok har vi under skiftande regjeringar hatt ein statleg og nasjonal arbeidsmarknadspolitikk. Regjering og Stortinget har prioritert mellom ulike målgrupper som treng tilbod og styrt pengebruken mot dette føremålet. I den meldinga som no er til behandling i Stortinget, er det tydelege signal om mindre politisk styring og der ein overlèt meir til Nav.

Og mykje må og skal overlatast til Nav. Det er Nav som først møter dei som har behov for hjelp og tiltak. Den enkelte er forskjellig og treng derfor også ulike tiltak. Det er derfor riktig å gje Nav ei sterkare rolle i å følgje opp brukarane sjølv. Men det hjelper lite når Nav blir avhengig av tilbydarar med kommersielle interesser.

Dei vil lett tilby standardiserte tilbod, og som gjerne er tilpassa dei enklaste brukarane. Det høver ikkje på attføringsområdet der ein treng tilpassa tilbod til kvar enkelt. Difor seier internasjonal forsking at ved marknadsstyring blir utsette grupper skyvde ut til fordel for personar som er lette å få i jobb med anbod.

No står det rett nok i meldinga at Nav sjølv skal kunne velje om avklårings- og oppfølgingstenester skal kjøpast av eksterne leverandørar eller føregå i eigenregi innanfor avklåra økonomiske rammer. Vi meiner Nav i dag ikkje er i nærleiken av å ha den kompetansen og dei ressursane til sjølv å vere i ein situasjon der dei kan ta slike val. Dei vil vere heilt avhengig av eksterne leverandørar.

Vi meiner Nav bør styrkjast for å støtte opp om dei som står nært arbeidsmarknaden. Dei som derimot har ein lengre veg å gå for å kome inn i arbeidslivet, bør dei som har mykje kompetanse, og som ikkje tek utbytte, ta seg av. Det er attførings- og vekstbedrifter og andre ideelle aktørar.

«Vi kan ikkje sjå at bemanningsbransjen på nokon måte er skikka til å kunna tilby og hjelpe personar med redusert arbeidsevne inn i arbeidslivet.»

Eit nytt politisk signal i meldinga er at bemanningsselskapa skal bli ein sterk motor i inkluderingsarbeidet gjennom deira evne til å formidle arbeidskraft. Vi kan ikkje sjå at bemanningsbransjen på nokon måte er skikka til å kunna tilby og hjelpe personar med redusert arbeidsevne inn i arbeidslivet. Inkludering av personar med redusert arbeidsevne skjer ikkje berre ved hjelp av «springbrett». Dette er eit møysommeleg og tidkrevjande arbeid.

Vi treng reformer i arbeidsmarknadspolitikken for dei som slit mest med å få seg jobb. Det må rettast sterkare merksemd mot kvalitet, og ikkje minst må ressursinnsatsen styrkjast for å få bort med ventetider og meir satsing på saumlause tiltaksløp.

Det må stillast krav til kvalitet og resultat i alle ledd, både i Nav og hos tiltaksarrangørane. Men då må Stortinget og regjeringa ta dette ansvaret og ikkje tru at det hjelper å overlate politikken og prioriteringa til marknaden og byråkratane. Dette vil skyve dei svakaste gruppene ut.

Av: Politisk rådgivar i Fellesforbundet Norvald Mo og politisk rådgivar i Forbundet for Ledelse og Teknikk (FLT) Johan Martin Leikvoll. Kronikken ble først publisert i Klassekampen, 12. oktober.

Siste fra Velferd.no

Gjennom Kompetansesenter for arbeidsinkludering skal forskere bidra til at Nav blir bedre på å få folk inn i arbeidslivet. – Det har vært for stor avstand mellom forskere og Nav, mener dekan Ann-Helén Bay.

Nav bruker 50 millioner kroner i året på forskning og jobber systematisk for å styrke samarbeidet med forskere og forskningsmiljøer. – Det er nødvendig at forskerne holder en armlengdes avstand til forvaltningen, mener professor Cathrine Holst.

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishInformasjonskapsler