Kronikk:

Fører særskilde tilbod til innvandrarar til integrering?

Skal kommunane halde fram med å satse på integrerte eldresentra eller skal dei heller stø opp om tilbod retta mot ulike etniske grupper? Kva er det med dei eldre innvandrarane som kan rettferdiggjere at dei skal ha «særskilde ordningar» – som det offentlege eventuelt bør støtte økonomisk?

I den grad særskilde tilbod for eldre innvandrarar eksisterar, er dei gjerne komne i gang på initiativ frå gruppene sjølv. Som døme på eit slikt tilbod vil eg presentere eldretreffet på det tamilske ressurs– og vegleiingsentret på Rommen i Oslo. Eg har følgd arbeidet deira over ein periode på eit par år.

Skal førebygge isolasjon

At fellesskap og aktivitet er viktig for helsa, den fysiske så vel som den psykiske, er velkjend. Dette er da også utgangspunktet for verksemda til dei mange eldresentra rundt omkring i landet. Oppgåva deira er å førebyggje isolasjon og oppretthalde aktivitet blant personar som har nådd ein viss alder.
Til no har eldresentra stort sett vore brukt av etnisk norske eldre. At eldre med innvandrarbakgrunn frå sokalla ikkje-vestlege land deltek i aktivitetane er meir unnataket enn regelen. Eldresentra som har prøvd å få begge gruppene til å delta, har sjeldan lukkast med å blande brukarane.
Nokre av eldresentra i Oslo har, i tillegg til sitt generelle tilbod, enda opp med avgrensa, separate tilbod til nokre grupper innvandrarar, til dømes eldre pakistanske kvinner. Samstundes prøver sentra ofte å få til arrangement, til dømes turar, kor målet er at alle dei ulike gruppene brukarar deltek.

Å eldast i eit framand land

Omgrepet «eldre innvandrar» er ei grovkalibra kategorisering. Det omfattar grupper med vidt forskjellig bakgrunn og kjenneteikn, og dekkjer soleis over talrike nyansar og skilnader. Likevel er det mogeleg å tenkje seg at det å eldast i eit framand land har viktige fellestrekk.
Migrasjon fører ofte til oppleving av tap. Dei som emigrerar reiser frå det velkjende og inngår i eit nytt sosialt fellesskap (det norske samfunnet). Her deler dei ikkje lenger språk og sjølvsagte forståingar om omverda med andre. Som innflyttarar i eit nytt land mister dei ofte roller og funksjonar som dei tidlegare hadde – på arbeidsmarknaden, i nærmiljøet og i slektsnettverket.
Å ikkje kjenne seg att i dei sosiale strukturane ein omgjer seg med, og heller ikkje bli gjenkjend eller verdsett i relasjonane ein inngår i, fører lett til opplevinga av å vere framand. Og når det er vanskeleg å samordne dei sosiale erfaringane i felles forståing og meiningsfylde fellesskap med andre, forsvinn mykje av grunnlaget for gjensidig identifikasjon.
Einsemd eksisterer soleis ikkje berre på individplan, men er i høg grad eit sosialt fenomen. Spørsmålet er korleis slik einsemd kan førebyggast.

Kurs og song frå heimlandet

På senteret på Rommen møtest eldre frå Sri Lanka kvar onsdag ettermiddag i eit klasserom. Dei tilstadeverande er enten hinduar eller katolikkar. Nedre aldersgrense for å delta er 50 år, men det fins også nokre få som enno ikkje har den magiske grensa. Spennvidda i gruppa er nesten 30 år.
Samlinga startar klokka 17 med ein time norskkurs eller handarbeidsundervisning. To yngre tamilske kvinner fungerar som lærarar. Klokka 18 er det tid for yoga. Dei som ikkje har lyst til å stå på hovudet eller tøye ut på gymnastikkmatta denne dagen, tar seg gjerne ein prat på gangen i staden.
Fellesprogrammet byrjar klokka 19. Song markerer ofte starten og veljast gjerne frå eit hefte med songskattar frå heimlandet. Deretter presenterer ein av deltakarane sine tankar omkring eit eller anna tema. Det kan gjerne vere av filosofisk art. Av og til etterfølgjast presentasjonen av bøn. Alternativt kan framlegginga dreie seg om ei orientering om den politiske situasjonen i heimlandet.
Helseinformasjon er fast programpost på møta. Ofte står ei av kvinnene for denne, om ein da ikkje har invitert folk utanfrå til å kome. Denne onsdagen hausten 2010 er temaet kosthald og diabetes. Neste gong kjem ein tamilsk lækjar og snakkar om faren ved høgt blodtrykk og kva som kan gjerast for å hindre utviklinga av den typen problem. Deretter følgjer « avdelinga for jokes». Den har to av herrane ansvaret for. Korte framføringar utløyser allmenn lått blant deltakarane.

Debatt og feiringar

Høg stemning er det også når gruppa går over til dagens debatt. Alle får utdelt problemstillinga som er nedskreve på ein papirlapp. I dag er spørsmålet til diskusjon om alkohol er bra eller ikkje bra for eldre. Redsla for å legge fram synspunkta sine synes å vere lita. Nesten alle let seg engasjere, både kvinner og menn. Framlegga etterføljast ofte av humring og lått frå forsamlinga. Leiaren fortel meg at haldingane i gruppa varierer frå dei som meiner at alkohol kan vere sunt, til dei som hevdar at det kan føre til mental svekking. «Men dei fleste er skeptiske alkoholbruk», oppsummerar han.
Etter det faglege programmet står serveringa for tur. Ei av kvinnene har med ein ris- og grønsaksrett. Ho har bryllaupsdag i dag og alle har skreve under på gratulasjonskortet som ho får overrekt. Andre gongar er det fødselsdagar som vert feira. Er det runde tal, deltek gjerne både born og barneborn, og familien bringer gjerne med seg ekstra god servering. Burdagssong og bursdagskort frå forsamlinga, er faste ingrediensar på desse dagane.

Alt skjer på tamilsk

Alt som skjer på treffet går føre seg på tamilsk. Deltakarane sine norskkunnskapar varierer frå nokre få ord, til dei som nokolunde meistrar å føre ein samtale. Så er da også skilnaden på kor lengje medlemmane på treffet har vore i Noreg stor; frå dei som har budd her i snart to tiår til dei som kom for tre, fire eller fem år sidan. Nokre har gjeve opp å tilegne seg språket i det nye heimlandet. Men mange held lysta og motivasjonen for å lære ved like, sjølv om enkelte nærmar seg 80 år. Fleire har god utdanning frå heimlandet og talar flytande engelsk. Deltakarane prøver meir enn gjerne ut sine nyvunne språkkunnskapar med ein norsktalande gjest som meg.
Alle som bidreg til gjennomføringa av eldretreffet, enten det er som leiar, undervisar, foredragshaldar, yogainstruktør eller kjøkkenhjelp, gjer det gratis.

Ein stad å styrkje kvarandre

Tilbodet med treffa starta i 2002 på initiativ frå ei eldsjel, som framleis er leiar for treffet. «Dei eldre trengte ein stad å møtast og styrkje kvarandre. Mange kjem hit i høg alder og forholdet til borna er ikkje alltid like lett. Forventningane er ofte større enn den yngre generasjonen ser seg i stand til å innfri», fortel han.
Vanlegvis møtast 20 til 30 eldre på onsdagstreffa, men færre i vinterhalvåret. Denne mørke og kalde novemberkvelden har 17 personar funne vegen til senteret. Det er ein god del deltakarar i 50-åra, men knapt nokon over 80 år. Fleirtalet er i 60-70-åra., og mange av dei har mista ektefellen sin. Det er oftast det som er grunnlaget for at dei har fått godkjend opphald hos familien sin i Noreg. Med få unnatak bur desse enkje- og enkjemennene saman med sine vaksne born. At mor eller far kjem ut og møter jamaldringar er truleg både ei glede og ei velkomen avlasting for mange av dei unge «husvertane» også.
Diverre skortar det på transport til treffet, fortel deltakarane. Fleire kunne tenke seg å vere med, men ser det ikkje likt å ta ut på eiga hand. For mange er vegen lang, med byte av t-bane eller buss. Det hender borna køyrer, «men dei er so travle». Slik lyder ofte omkvedet frå dei eldre. Regelen er at born, så vel som svigerborn er ute i arbeid.
Stønad til transport og ein utflukt i ny og ne, er det deltakarane mest av alt ynskjer seg av hjelp frå det offentlege. Til no har dei ikkje mottatt noko støtte eller tilskot frå kommunen.

Må finne nye måtar å leve på

Kultur er viktig når meiningsinnhaldet i tilværet skal skapast og strukturerast. Når det kulturelle miljøet ein har vakse opp i, ikkje lenger er tilgjengeleg, vert det opp til den einskilde å finne nye og meiningsfylte måtar å leve på. Det er krevjande å klare på eiga hand. Treffa gjer det mogeleg for deltakarane å hjelpe kvarandre til å halde fast ved historia og fortida og det som er grunnlaget for tilveret, og til å finne fram til måtar å utforme framtida på i sitt nye heimland.
Slik legg det tamilske senteret, til rette for eit bekreftande og meiningsfylt fellesskap, som gjev grunnlag for gjensidig identifikasjon. Onsdagsmøta er med på å bøte på kjensla av å vere åleine og framand. For mange av deltakarane representerer treffet eit høgdepunkt i veka.

Bidrag til integrering?

Stort sett er det ingen andre enn personar frå Sri Lanka som deltek på møta. Kan dei likevel ha ei positiv verknad for integreringa?
Etter det eg har sett, meiner eg at dei kan det. Å utvikle tilknyting, etablere nettverk og finne seg til rette i sitt nye heimland, er ikkje det ein del av det å vere integrert i eit samfunn?
Kan eit norsk eldresenter tilby det same som eit etnisk basert fellesskap, som til dømes det tamilske eldretreffet som er presentert her?
Sjølv er eg usikker på svaret. 

Denne kronikken sto på trykk i Velferd 2- 2011

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishInformasjonskapsler